Utleige av idrettshallar

Idrettshallane opner igjen for fritidsaktivitet for barn og unge frå 19. januar kl. 16.30. Det er likevel ikkje høve til å gjennomføre kampar, cupar og idrettsstemne. Garderober og dusjar skal ikkje nyttast.  

Idrettshallane er opne for kroppsøving på dagtid, kroppsøving i skolen skal skje i kohortar. 

Retningslinjene gjeld leigetakar sitt ansvar ved bruk av tribune, kafè/kantine, kjøkken i samband med arrangement i idrettshallane. 

Leigetakar/arrangør skal avgrense bruken av anlegget sitt areal mest mogleg, og slik at arealet som ikkje skal brukast vert markert med sperreband eller liknande. Reinhaldspersonalet sett fram egna, og nok utsyr.

Leigetakars ansvar ved bruk av tribune og tilkomst til tribune:

  • Fjerne avfall og løst smuss på benker/seter og golv.
  • Søl og kliss skal fjernast med papir, så skal ein tørke med klut/mopp.
  • Benker vert moppa og berøringspunkt på stolar (kant på seterygg) reingjerast med klut.
  • Reingjer berøringspunkter som rekkverk/handlist, dørhandtak, brytarar med klut.
  • Avfallsbøtter vert tømt.
  • Golva vert moppa.

Da det ikke er anledning til å avvikle kamper, cuper, idrettsstevner mv. i idrettshallene, er det heller ikke anledning til å benytte kiosk/kjøkken/kafè eller kantine.