VEDTEKTER

FORENINGA EIDET KULTURHALL

VEDTEKTER

PR. 26.02.2007

 

Eidet Kulturhall er bygd og eigd av Haram Kommune. Hallen er oppført i tilknyting til Vatne Ungdomskule og IL Ravn sitt anlegg, og den er eit kombinert bygg for idrett og andre kulturforemål, der alle lovlege aktivitetar er tillatne.

Foreininga Eidet Kulturhall (FEK) er ei samanslutning av lokale lag og organisasjonar.

 

1. Føremål

FEK skal samordne bruken av Eidet Kulturhall og utstyret i bygget slik at verdiane i bygget vert ivaretekne på best mogeleg måte.

FEK skal arbeide for at Eidet Kulturhall vert den naturlege arena for kultur- og idrettsaktivitetar i indre del av Haram Kommune.

2. Medlemskap

Frivillige lag og organisasjonar i Vatne ungdomskulekrins, samt andre lag i Haram kommune som er regelmessige brukara av hallen, kan vere medlemer i FEK. Vilkår er at dei er tilslutta ein overbyggande organisasjon på fylkes- eller nasjonalt nivå.

3. Styrande organ

FEK skal følgje styrande organ:

01. Årsmøte

Ordinært årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av mars. Innkalling skal sendast seinast 1 månad før møtet. Årsmøte skal behandle følgjande saker:

  • Årsmelding
  • Rekneskap
  • Budsjett
  • Handlingsplan med rettningslinjer for drifta.
  • Val av leiar, styre, valnemd og revisor.
  • Innkomne saker.

Innkomne saker må vere komne til styret minimum 2 veker før årsmøte. Det skal førsat protokoll frå Årsmøte. Denne skal sendast medlemmane innan 1 månad.

Ekstraordinært Årsmøte skal kallast inn med same fristar når styret eller ein av medlemsorganisasjonane krev det.

02. Styre

Styret skal ha 5 medlemmer og 2 vara medlmmer. Styret kan avgjere saker som gjeld forvaltning, drift og vedlikehold av kulturhallen innanfor avtale med Haram Kommune og føremålet med foreininga. Styret kan oppnemne arbeidsgrupper.

Styret er vedtaksført når minimum 3 er til stades. Styret skal føre møteprotokoll.

Leiaren vert vald for eitt år om gangen. Styret vel sjøl nestleiar og fordeler andre funksjonar. Styret sine medlemmar vert vald for 2 år av gangen, men likevel slik at 2 styremedlemmer står på val kvart år.

03. Valnemd

Valnemda skal ha 3 medlemmer. Leiaren i nemda vert vald av Årsmøte.

04. Brukarmøte

Det kan kallast inn til brukarmøte ved behov. Føremålet med brukarmøte er å samordne bruken av kulturhallen, og å styrke samhaldet og “vi-kjensla”.

4. Økonomi

Styret skal utarbeide årsbudsjett som vert lagt til grunn for drift av foreininga og kulturhallen. Styret skal også syte for at det vert ført rekneskap. Rekneskapet skal reviderast, og godkjend rekneskap kan sendast Haram Kommune.

5. Kontingent

Medlemmene skal betale årleg kontingent ut frå følgjande retningslinjer:

  • Grunnbeløp pr. lag
  • Tillegg pr. medlem

Kontingenten vert fastsett av årsmøte kvart år.

6. Røysting/representasjon

På Årsmøte har medlemmene møterett med det tal representanter som går frem av oppplistinga nedanfor. Kvar registrerte representant har ei røyst. Representantar kan møte med fullmakt.

  • Lag med inntil 50 medlemmer:      2 representantar 
  • Lag med 50 – 100 medlemmer:     3 representantar
  • Lag med over 100 medlmemmer: 4 representantar

Sakene vert avgjort med vanleg fleirtal.

7. Godkjenning og endring av vedtekter. Oplløysing

Vedtekter og endring av vedtekter, er godkjende når dei er vedtekne av Årsmøte med 2/3 fleirtal.

Evt. oppløysing av FEK må skje med 2/3 fleirtal i to etterpåfølgjande årsmøte. Ved oppløysing skal midlar og verdiar i foreninga brukast til forvalting, drift og vedlikehald av Eidet Kulturhall.