Siste coronanytt fra kommuna

Med bakgrunn i den lokale smittesituasjonen, har kommunene Giske, Sula og Ålesund i dag vedteke å innføre ny lokal forskrift med tiltak for å førebygge ytterlegare koronasmitte.

Forskrifta gjeld frå i kveld mandag 26.4.21 kl. 24.00 og fram til søndag 9.5.21 kl. 24.00.

 

Forskrifta med grunngjeving finn du her:

 

https://alesund.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/alesund-sula-og-giske-innforer-ny-lokal-forskrift-fra-midnatt-26-april.18200.aspx

 

Ei lita oppsummering av noko av det som kjem fram av forskrifta:

  • Det er plikt til å bruke munnbind, men ikkje under sjølve utøvinga av den fysiske aktiviteten.
  • Svømmehallar stenger for publikum (skolesvømming og organisert trening for barn og unge under 20 år kan halde fram).
  • Idrettshallar skal berre ha ope for kroppsøving i skulen, trening for barn og unge under 20 år, ikkje for vaksentrening og heller ikkje for arrangement.
  • Det kan ikkje avviklast utandørs treningskampar i fotball for andre enn lag i dei to øvste divisjonane for kvinner og menn.
  • Kulturhus skal ikkje ha arrangement.
  • Ung i Ålesund kan ha aktivitet som før for barn og unge under 20 år.

 

Det er verd å merke seg at ei forskrift er å rekne som ei lov, og at forsetteleg eller grov aktlaus overtreding av reglane i denne forskrifta, kan straffast i samsvar med smittevernloven § 8-1.

 

 

Utanom forskrifta, tilrår kommunen dette:

  • Maks to gjestar på besøk heime per dag.
  • Maks 10 nærkontakter i løpet av ei veke, utanom klasse og arbeidskolleger.
  • Hald minst to meter avstand til andre.  
  • Handle lokalt, og kun oppsøke kjøpesenter når det er naudsynt.
  • Unngå unødige reiser.

 

Elles vert nettsidene til kommunen; alesund.kommune.no  jamnleg oppdatert med dei nye reglane.  

Innkalling til Årsmøte 2021

Foreininga Eidet Kulturhall har årsmøte 08.Mars kl 20.15 ( mrk tidspunkt)

Sakliste:

  1. Åpning og konstituering

Val av møteleiar

Val av referent

Val av 2 delegater til å underskrive protokoll

  • Årsmelding for 2020
  • Rekneskap for 2020

Revisor beretning

  • Fastsette medlemskap
  • Budsjett 2021
  • Innkomne forslag
  • Handlingsplan med retningslinjer for drift
  • Gjennomgang av vedtekter og vedta nye
  • Val av leiar, styremedlemmer, valnemd og revisor

Forslag til saker må sendast inn seinast 20. Februar til Styreleiar Kathrine Beite på e-post: kathrine.beite@outlook.com

Velkomne

Helsing

Styret

Utleige av idrettshallar

Idrettshallane opner igjen for fritidsaktivitet for barn og unge frå 19. januar kl. 16.30. Det er likevel ikkje høve til å gjennomføre kampar, cupar og idrettsstemne. Garderober og dusjar skal ikkje nyttast.  

Idrettshallane er opne for kroppsøving på dagtid, kroppsøving i skolen skal skje i kohortar. 

Retningslinjene gjeld leigetakar sitt ansvar ved bruk av tribune, kafè/kantine, kjøkken i samband med arrangement i idrettshallane. 

Leigetakar/arrangør skal avgrense bruken av anlegget sitt areal mest mogleg, og slik at arealet som ikkje skal brukast vert markert med sperreband eller liknande. Reinhaldspersonalet sett fram egna, og nok utsyr.

Leigetakars ansvar ved bruk av tribune og tilkomst til tribune:

  • Fjerne avfall og løst smuss på benker/seter og golv.
  • Søl og kliss skal fjernast med papir, så skal ein tørke med klut/mopp.
  • Benker vert moppa og berøringspunkt på stolar (kant på seterygg) reingjerast med klut.
  • Reingjer berøringspunkter som rekkverk/handlist, dørhandtak, brytarar med klut.
  • Avfallsbøtter vert tømt.
  • Golva vert moppa.

Da det ikke er anledning til å avvikle kamper, cuper, idrettsstevner mv. i idrettshallene, er det heller ikke anledning til å benytte kiosk/kjøkken/kafè eller kantine.

Eidet Kulturhall åpner igjen

Ålesund kommune følger dei nye nasjonale reglane frå regjeringa, som kom i dag, 18. januar.

 

Med bakgrunn i regjeringa sitt vedtak om å løyse på det strenge aktivitetsregimet vi har hatt etter nyttår, er det no ei glede å kunne informere om at Ålesund kommune sine idrettshallar åpnar for treningsaktivitet for barn- og unge opp til 20 år, frå og med i morgon tysdag 19. januar kl. 1630.

 

Det er likevel ikkje høve til å gjennomføre kampar, cupar og idrettsstemne.

 

Garderober og dusjar skal ikkje nyttast.  Her køyrer vi same retningslinjene som vi hadde før jul.

Eidet Kulturhall åpner igjen mandag 17.august 2020

Då er ein annaleis sommarferie over og vi skal tilbake til kvardagen

Vi håper og trur at vi får åpne hallen for treninger og øvinger som normalt, men vi forholder oss som tidlegare til Helsedirektoratets anbefalinger og idrettens retningslinjer

Vi åpner for trening fra veke 35, mandag 24.august

” Treninger og annan organisert aktivitet kan gjennomførast i tråd med Helsedirektoratets anbefalinger og idrettens retningslinjer”

Dette gjelder for inntil 20 personer som holder minst 1 m avstand

Garderober/dusj skal ikkje brukast inntil vidare