KVA SKJER

slide3

Siste innlegg

Siste coronanytt fra kommuna

Med bakgrunn i den lokale smittesituasjonen, har kommunene Giske, Sula og Ålesund i dag vedteke å innføre ny lokal forskrift med tiltak for å førebygge ytterlegare koronasmitte.

Forskrifta gjeld frå i kveld mandag 26.4.21 kl. 24.00 og fram til søndag 9.5.21 kl. 24.00.

 

Forskrifta med grunngjeving finn du her:

 

https://alesund.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/alesund-sula-og-giske-innforer-ny-lokal-forskrift-fra-midnatt-26-april.18200.aspx

 

Ei lita oppsummering av noko av det som kjem fram av forskrifta:

  • Det er plikt til å bruke munnbind, men ikkje under sjølve utøvinga av den fysiske aktiviteten.
  • Svømmehallar stenger for publikum (skolesvømming og organisert trening for barn og unge under 20 år kan halde fram).
  • Idrettshallar skal berre ha ope for kroppsøving i skulen, trening for barn og unge under 20 år, ikkje for vaksentrening og heller ikkje for arrangement.
  • Det kan ikkje avviklast utandørs treningskampar i fotball for andre enn lag i dei to øvste divisjonane for kvinner og menn.
  • Kulturhus skal ikkje ha arrangement.
  • Ung i Ålesund kan ha aktivitet som før for barn og unge under 20 år.

 

Det er verd å merke seg at ei forskrift er å rekne som ei lov, og at forsetteleg eller grov aktlaus overtreding av reglane i denne forskrifta, kan straffast i samsvar med smittevernloven § 8-1.

 

 

Utanom forskrifta, tilrår kommunen dette:

  • Maks to gjestar på besøk heime per dag.
  • Maks 10 nærkontakter i løpet av ei veke, utanom klasse og arbeidskolleger.
  • Hald minst to meter avstand til andre.  
  • Handle lokalt, og kun oppsøke kjøpesenter når det er naudsynt.
  • Unngå unødige reiser.

 

Elles vert nettsidene til kommunen; alesund.kommune.no  jamnleg oppdatert med dei nye reglane.  

  1. Innkalling til Årsmøte 2021 Kommentarer er skrudd av for Innkalling til Årsmøte 2021
  2. Årmøte i Foreininga Eidet Kulturhall blir måndag 8. mars 2021 Kommentarer er skrudd av for Årmøte i Foreininga Eidet Kulturhall blir måndag 8. mars 2021
  3. Utleige av idrettshallar Kommentarer er skrudd av for Utleige av idrettshallar
  4. Eidet Kulturhall åpner igjen Kommentarer er skrudd av for Eidet Kulturhall åpner igjen
  5. Hallen er stengt for all trening og aktivitet fram til tysdag 19.januar 2021 (Gjelder ikkje Haram Helse AS, sjå eigne oppslag) Kommentarer er skrudd av for Hallen er stengt for all trening og aktivitet fram til tysdag 19.januar 2021 (Gjelder ikkje Haram Helse AS, sjå eigne oppslag)
  6. God jul og godt nyttår! Kommentarer er skrudd av for God jul og godt nyttår!
  7. Eidet Kulturhall åpner igjen mandag 17.august 2020 Kommentarer er skrudd av for Eidet Kulturhall åpner igjen mandag 17.august 2020
  8. Årmøte Foreininga Eidet Kulturhall 2020 Kommentarer er skrudd av for Årmøte Foreininga Eidet Kulturhall 2020
  9. God Jul og Godt Nyttår! Kommentarer er skrudd av for God Jul og Godt Nyttår!